Voss Danseskule

Voss Danseskule (VDS) lukka dørene sommaren 2023 etter tolv år.

VDS har hatt kurs for alle aldersgrupper - frå barnehageborn og oppover. Det har blitt dansa hiphop, jazzdans og klassisk ballett, alltid med fokus på danseglede og meistring. Det har vore mange smil, mykje latter, nokre tårer, ein del svette, nye vennskap, glitter og kostyme, scenelys og nerver i kulissene. 

For meg som starta opp heile bøtteballetten med ungdommeleg iver som 19-åring har Voss Danseskule vore eit vakkert kapittel i livet som har gitt meg store opplevingar og mange erfaringer og minne som eg vil bære meg meg resten av livet. Eg har fått vera tett på barn og ungdom som har blomstra med dansen som sitt element og sin tilflukt. Det har vore meg ei ære å opne dørene til dansens verden for elevene mine.

Til deg som har vore elev, forelder, frivillig, ansatt eller samarbeidspartner: Tusen, tusen takk! 

Beste helsing frå Constanze

Om oss

Constanze Lid Almklov starta Voss Danseskule i 2010. Ho er oppvaksen på Voss og pendla sjølv til Bergen i ungdomsåra for å kunne gå på dansekurs.

Heilt sidan starten hadde Voss Danseskule fokus på det dansefaglege, tekniske, det kunstnarlege kreative, men ikkje minst på det sosiale! 

I starten dreiv Constanze VDS heilt sjølv med alt mellom 15 og 105 elever dei første fire åra. Første året heldt vi til i aerobicsalen i Voss Idrettshall før vi flytta ned i danserommet i underetasjen i Vonheim (foreningshuset til Voss KFUK-KFUM) året etter. Der har Voss Danseskule vore å finne sidan. 

Frå 2015 vart teamet utvida, først med ein assistent og seinare med ein danselærer som underviste i klassisk ballett. I 2018 starta leiartreningskurset som rekrutterte unge dansere som assistenter og instruktører for dei yngste.


Under pandemien våren 2020 vart alle kurs flytta digitalt (til og med Danseleik for born frå 4-6 år) med stor suksess. Teamet bestod då av Constanze, ein danselærer og to danseinstruktører/assistenter. I juni 2020 feira vi 10 år med Voss Danseskule på utescena på Prestegardslandet. 


Constanze slutta sjølv å undervise hausten 2021 medan dei andre tilsette fortsatte i tre semestre til med Constanze i kulissene.
Etter sommeravslutninga i 2023 vart det ikkje satt opp fleire kurs, og våren 2024 vart Voss Danseskule offisielt avvikla.